28.12.09

18 timar på tortur

Egentlig er 18 timar Odda-Vadsø heilt latterlig kort reisetid. For ikkje så himla lenge siden var 18 timar latterleg kort reisetid Odda-Bergen.
Men når du vaknar halv sju med oppsvulma hals, feber og tre timars uroleg søvn bak deg, då er du ikkje klar for 18 timar med ein så ufyseleg, harry og ubekvem reisemåte som fly er.

Skulda var sjølvsagt mi. Som reiseoperatør for huslyden bestilte eg nokre etter mitt syn rasande billige billettar (3700per pers tur-retur frå Kirkenes til Bergen), men på eit eller anna mystisk vis gjorde eg dette utan å registrera at returen innebar 6 timars venting på Gardermoen i Oslo før flyet for nordover.
Ille det, men noko verre var det at vi ikkje hadde nokre moglegheiter til å koma oss frå Odda ein søndagsmorgon for å nå eit fly frå Bergen kl. 12. Ingen snøggbåt. Ingen buss via Kvamskogen. Ingen buss via Kvinnherad. Ingen ting.

(Mellom Bergen og Oslo går det 20 fly om dagen. Men skulle vi få bytta til eit seinare fly frå Bergen måtte vi kvar betale omtrent dobbelt av kva som er vanleg for ein flybillett mellom Bergen og Oslo.)

Difor vart det slik at dei snille foreldra mine kjørte oss heile vegen til Flesland eins ærend for at vi skulle få komt oss på det unødvendig tidlege flyet og rekka dei seks herlege timane på Gardermoen. Ein liten forsinkelse men ellers som forventa. Når vi kom til Kirkenes var det nærmare 30 minus og vi kjørte i febertåko rundt fjorden etter ei økt skraping og førstehjelp til medtrafikantar med flatt batteri på flyplassen.

Rundt midnatt var dei 18 timane forbi. Skjelvande av feber og kulde og kvalme om kvarandre kunne eg endelig legga meg i mi eiga seng. Og eg tenkte: eg skal aldri fly meir.

Verda blir mindre, seier dei. Men det trur eg ingen ting på. Å forventa at ting skal vera så lettvint resulterer kun i skuffelse. 18 timar mellom Bergen og Vadsø er latterlig kort tid. Torturisk lang tid med mi innstilling.

Derfor synst eg at verda skal verta litt større igjen. Derfor synst eg at det skal ta lang tid å reisa. Og at reisa skal vera kjekk. Derfor vil eg prøva å ta den lange vegen neste gang. Vegen som buktar og snor seg, som tar lang tid, har avstikkarar, treng telt i bagasjen, eller sovekupe, solbriller, regnklede, kamera, godt reisefølge eller i alle fall ein pils og ei pocketbok.

Eg kjem heilt sikkert til å fly igjen. Men heretter vil eg prioritera å ha det kjekt på turane mine.

12.12.09

Takk, men nei takk

Eg har latt meg riva med, ja kanskje til og med blitt så smått hjernevaska av det lille skredet av klimadokumentarar, -debattar og -konferansar som har herja på TV'en vår i det siste.

Så kom huslyden på at vi skulle gjøra noe som eg fekk ansvaret forå gjøra for mange månadar siden (men som var uforklarlege grunnar ikkje har makta), nemlig å klistra eit sånt klistremerke der det står "Nei takk til uadressert reklame" på postkasso. Så eg prøvde å finna ut kor eg kunne få tak i eit sånt. Søker og finn detta frå Grønn hverdag.
Men det koster jo pengar, i alle fall både ekspedisjonsgebyr og frakt. Dessuten blir det sannsynligvis sendt i ein konvolutt, og saman med ein eller fleire brosjyrar. Litt ironisk.

Og: Ifølge hainn Stat er det "forbudt å levere uadressert reklame og gratis aviser til forbrukere som på en klar og tydelig måte viser at de ikke ønsker dette ved å merke postkasse og/eller inngangsdør."

Aha, ein treng altså ikkje det spesifikke merket. Å laga sin eigen lapp er lika dugandes.

Eg tenker: hvis Grønn hverdag er så opptekne av at det skal bli mindre unødvendig papir, burde dei ikkje oppfordra folk til å laga sitt eige merke?

Eg tok i alle fall og klipte opp forsida av gule sider-katalogen for å få ein flott og hissig signalfarge på skiltet vårt, som funker som bare det.

Vi har og bestemt oss for å bytta ut ein kjøttrett med ein vegetarrett i veko, og eg vil bli litt flinkare på å kjøpa økologisk.

Eg tar gjerne imot fleire grønne tips. :)

9.11.09

Mørketid = strikkebygo

Som i fjor har strikkebygo tatt meg no på denna tida som det begynner å bli mørkt for alvor. Slutt på trening, uteliv, frisk luft og mosjon, hei hei kjære sofagropa mi. Strikking er og ein sosial aktivitet, kver onsdag har vi strikkeklubb her i heavenly gate. Mens eg prøver å knekka dei godt skjulte kodane til strikkeoppskriftenes uforståelige stammespråk er de fint å ha litt moralsk støtte rundt seg.

Eg har laga ei lita lua til kjærasten min for å kick-starta årets sesong:

3.11.09

juljuljuljuljuljul

...det gler vi oss til.


(jula på bildet er ikkje identisk med jula i virkeligheten)

1.11.09

Det artige landet

Hihi.

26.10.09

Endelig litt snø!

Vakker utsikt frå mitt kontor: hengar med diverse, fin bil (egentlig to fine bilar, den blå er lik som eg hadde før), etanittnaboen og baksida av Statens hus (den tidlegare omtala profane makta).

I dag kom det snø. Og under snøen utanfor galleriet fant eg mellom anna masse ved. Fin og tidlegare tørr ved som noen, kanskje til og med eg, hadde glømt å bæra inn. Så no har eg bært ein god del ved, som eg fyrar ganske knallhardt med, mens eg gremmer meg litt over at eg har glømt nista i dag.


Her er forresten månedens slager på galleriet: reverefleks! På lørdag var det ei som kjøpte 12 stykker, det synst eg vitnar om ordentlig rev & refleks-entusiasme.


(du kan sjå fleire revar på heimesida vår)

9.10.09

Ti kvinnelege forfattarar

I gårsdagens Litterær salongLitteratursymposiet snakka Selma Lønning Aarø og Agnes Ravatn om at dei hadde utfordra den mannlege sjåføren sin på veg til Odda å nemne ti utanlandske kvinnelege forfattarar- i løpet av 30 sekund. Han klarte det ikkje. Dei to klarte det heller ikkje.

Klarer du?